Europas høgste fjordutsikt frå bilveg – 1500 meter

Tenk deg at du står på ein fjelltopp, trekkjer inn frisk fjelluft og nyt utsikta over snødekte fjell, Unescos verdsarvsområde og Geirangerfjorden. Alt dette – og meir til – kan du få oppleve på Dalsnibba. Og veit du kva? Du treng ikkje gå eit einaste steg.

Korleis kome hit

Veibeskrivelse og kart finn du her

Bomveg er stengt for sesongen

Takk for i år og velkomen tilbake neste sesong!

Webkamera

Direktebilder frå toppen

Geiranger Skywalk

I august 2016 blei Geiranger Skywalk offisielt opna. Underlaget består av rister, og rekkverket er av glas. Dermed kan du sjå rett ned til sentrum og Geirangerfjorden samt til fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.
Gå til Geiranger Skywalk

Butikken på Dalsnibba

I butikken vår, som ligg i det særprega servicebygget på toppen av Dalsnibba, finn du suvenirprodukt du ikkje får kjøpt andre stader. Vi sel dessutan eit utval lokale, kortreiste delikatesser som saft og syltetøy. Og kven veit, kanskje blir vekas tilbod ei positiv overrasking?
Gå til Butikken på Dalsnibba

Opplevingar døgnet rundt

På Dalsnibba ventar opplevingane på deg. Ta med deg litt niste og et frukost på Dalsnibba medan du nyt soloppgangen, eller avslutt dagen med ein magisk solnedgang over verdsarvområdet. Mot slutten av sesongen er det kanskje den spektakulære stjernehimmelen ei mørk augustnatt som gir deg eit minne for livet.
Gå til Naturopplevingar

Nibbevegen

Vegen opp til Dalsnibba er eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta vi har sett i Noreg. Undervegs finn du skilt som fortel den unike historia til vegen, som består av hårnålssvingar og er ei oppleving i seg sjølv. Dessutan gir han deg ein liten forsmak på den spektakulære utsikta som ventar deg på toppen!
Gå til Bildegalleri