Geiranger Skywalk – Dalsnibba. Webkamera blir oppdatert kvart 10. minutt.

Bilder frå utsikten

Frå Dalsnibba kan du sjå ut over snødekte toppar og heilt ned til Geirangerfjorden. Her kan du nyte utsikta til mellom anna Blåbreen og Djupvatnet, der det er sett verdsrekord i fridykking under is. Avhengig av kor tid på døgnet du kjem, kan du òg oppleve ein magisk soloppgang eller solnedgang. Eller kva med ein spektakulær stjernehimmel ei mørk augustnatt?

Vêret skiftar raskt her oppe, og er du heldig, kan du oppleve alle fire årstider i løpet av ein dag. På Dalsnibba blir snøen liggande store delar av sommaren. Det kan snø midt på sommaren og blåse kaldt. Iblant er Dalsnibba innhylla i eit mjukt skyteppe, men ofte er det likevel mogeleg å få eit glimt av utsikta gjennom ein liten opning. Andre gonger er det heilt vindstille og sol frå klar himmel.

Bilder av Nibbevegen

Vegen opp til Dalsnibba består av hårnålssvingar og er ei oppleving i seg sjølv. Kjem du tidleg i sesongen, passerer du høge brøytekantar. Etter kvart som snøen smeltar, kan du sjå meir og meir av Blåbreen og dei tallause små steinvardane som dei besøkjande byggjer opp kvart år.

Startar du turen frå Geiranger, får du med deg heile høgdeforskjellen frå 0 til 1500 moh. og kontrasten frå det yrande folkelivet i bygda. Du køyrer langs den historiske Geirangervegen frå 1800-tallet og opp til Dalsnibba.

Instagram

Viss du lastar opp eit bilde frå besøket ditt på Dalsnibba og bruker emneknaggen #dalsnibba,
vil det automatisk bli publisert her.