Vil du leike i snøen, men har gløymt vottane heime? Treng du litt å tygge på og noko å drikke, eller kanskje eit fint minne frå turen? Velkommen til servicebygget på toppen av Dalsnibba!

Det unike bygget stod ferdig i 2004, og den særprega arkitekturen gjer at det glir naturleg inn i omgivnadane.

Praktisk informasjon

Butikken er stengd for sesongen.

  • 09.00–16.30 (fram til 19.09)
  • 09.00–17.30 (i perioden 15.6–15.8)

På baksida av bygget er det toalett.

Vekas tilbod

Frå 2016 innfører vi «Vekas tilbod», der vi kvar veke vel ut eit produkt som vi har eit godt tilbod på.

Følg med på sosiale medium og under Kva skjer? på heimesida.

Butikken

I butikken finn du unike Geiranger Skywalk-produkt, mellom anna kle, postkort og andre suvenirar. Vi sel òg lokale delikatesser som saft og syltetøy frå Safteriet i Valldal og eit godt utval Geiranger-sjokolade. Dessutan er vi stolte over å presentere ei eksklusiv nyheit: Frå 2016 får du kjøpt EIRA-vatn – Europas einaste økologisk godkjende vatn – på eigne «Dalsnibba»-flasker. Frå 2017 vil vi ha eit utval av norskproduserte produkt som blant anna krus og kjøkkengjenstandar.

Viscope-kikkert

For å gi deg ei enda betre oppleving på Dalsnibba har vi investert i ein såkalla Viscope-kikkert, som står på platået over butikken. Med denne får du ikkje berre 360-graders utsikt over heile området, men også informasjon om for eksempel namna på fjella du kikkar på. Informasjonen tilpassar seg etter kvart som du beveger kikkerten, og du får òg vite kva retning du ser i, og kor Oslo, Bergen, Svalbard osv. ligg.

Cruise Pass Norway

Kjøp eitt Cruise Pass – og få mange opplevingar, rabattar og spesialtilbod når du er på cruise i Noreg.

Cruise Pass-rabattar i Geiranger

Med Cruise Pass får du som besøkjande maksimalt ut av turen. Samtidig sparar du tid og pengar.

  • Cruise Pass-tilbod 1 – gåvepose frå Dalsnibba:
    1 Dalsnibba-krus, 1 Dalsnibba-penn, 1 Dalsnibba-nøkkelring, 3 Dalsnibba-postkort, 1 Dalsnibba-magnet, 1 Dalsnibba-kalender for 2017, 1 øko-handlenett frå verdsarvområdet Geirangerfjord. Verdi på gåvepose: NOK 464. Pris med Cruise Pass: NOK 345. 25 % rabatt.
  • Cruise Pass-tilbod 2 – rabatt på suvenirar og kle: Med Cruise Pass får du 10 % rabatt på kjøp over NOK 500.

 

www.cruisepass.no