Historia om Nibbevegen, som vegen blir kalla på folkemunne, er historia om eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta vi har sett i Noreg.

I dag blir vegen rekna som eit av dei fremste symbola på turisttrafikken i Geiranger, og kvart år tek over 200 000 personar turen til Nibbevegen og Dalsnibba. Det dei får oppleve der, er resultatet av godt entreprenørskap, ukueleg pågangsmot og sterk vilje til å skape ei unik oppleving for alle som besøkjer bygda.

1857 Ideen og skysslaget

Ideen om veg til toppen av Dalsnibba blei lansert allereie i 1857. Då leidde ingeniør Hans Hagerup Krag arbeidet med å stikke opp vegen over Geirangerfjellet. Han hadde studert bygging av høgfjellsvegar i Sveits og visste kor mykje desse vegane hadde å seie for turistnæringa.

Auka turisttrafikk på starten av 1900-talet gjorde at ein måtte organisere seg for å følgje med i utviklinga og fremje skysstrafikken i Geiranger. Derfor blei Geiranger Skysslag i 1907 skipa som ein interesseorganisasjon for skyssnæringa.

Så lenge hest og kjerre dominerte utfluktskøyringa frå turistskipa, ville ein tur til Dalsnibba bli for lang og tung. Men då bilane tok over på slutten av 1920-talet, blei ideen til Krag henta fram att. Køyrelengd og stigning var ikkje lenger ei hindring, turisttrafikken var i vekst, framtidsoptimismen var stor, og økonomien til Geiranger Skysslag var god.

1937 Anleggsarbeid

Heile 17 år før bygda fekk heilårsveg, blei det bygd veg opp til utsiktspunktet Dalsnibba. Anleggsarbeidet på Nibbevegen starta i juni 1937. Sidan Trollstigen blei opna året før, hadde mange i arbeidsstyrken på 50 mann erfaring derfrå.

1939 Krig og stillstand i turisttrafikken

I 1939 begynte ein så smått med turisttrafikk på Nibbevegen, men mørke skyer var i ferd med å samle seg på den storpolitiske himmelen, og under 2. verskrig blei turisttrafikken liggande nede. Det var tøft for eit lite skysslag som hadde sett seg i stor gjeld. Sommaren 1946 begynte turistkøyringa så vidt igjen.

1948 Offisiell opning

Sjølv om Nibbevegen hadde vore ferdig sidan hausten 1938, var han enno ikkje offisielt opna for trafikk. Dette var det no på tide å få gjort. 18. juli 1948 blei Nibbevegen offisielt opna av samferdselsminister Nils Langhelle. Det skjedde i samband med at Stella Polaris som første turistskip etter krigen besøkte Geirangerfjorden.

Med dette kunne Nibbevegen offisielt takast i bruk. Eit stort og omfattande planleggings- og byggearbeid var ført til endes. Den eventyrlege ideen om bilveg til Dalsnibba var blitt verkelegheit. Gjennom ukueleg optimisme og pågangsmot hadde eit lite lag makta det utrulege: Dei hadde vunne fram med planane sine, skaffa pengar til å fullføre prosjektet, klart seg gjennom fem lange og tunge krigsår, og stod no som eigar av eit veganlegg som sakna sin like i store delar av verda. Geiranger som turiststad hadde fått ein ny attraksjon av uvurderleg verdi.

2004 Servicebygg

I 2004 stod eit nytt servicebygg med butikk og toalett klart på toppen. Det har ein spesiell arkitektur som speglar høgfjellsområdet rundt.

servicebygg-700

2013 Trafikkauke og utbetringar

Trafikken har auka mykje sidan vegen var ferdig, og i seinare år er han blitt utbetra for å møte krav til auka standard. Store delar av den vel 5 km lange strekninga har i dag dobbel køyrebane, og dei mest utsette partia er sikra med glidekantar. Hårnålssvingane er utvida, slik at sjølv dei største bussane i dag kan komme seg opp på Dalsnibba utan problem. Sommaren 2013 blei det lagt asfalt på siste del av Nibbevegen.

2016 Geiranger Skywalk

I 2016 utvida vi utsiktspunktet og bygde eit nytt platå på utsida av det eksisterande platået, slik at besøkjande får ei enda meir spektakulær oppleving av Dalsnibba og kjem enda nærmare naturen. Det nye platået fekk namnet Geiranger Skywalk.

Historia

2016 Miljøfyrtårn

I 2016 blei Geiranger Skysslag AS og Dalsnibba utsiktspunkt utnemnt til Miljøfyrtårn-verksemd. Å vere Miljøfyrtårn betyr at ein må arbeide systematisk med miljøtiltak i kvardagen. Desse verksemdene oppfyller bransjespesifikke krav og gjennomfører tiltak for meir miljøvennlig drift og godt arbeidsmiljø.

miljofyrtarn-small

2022 Utvida servicebygg

Bygget frå 2004 blei etter kvart for lite. I 2019 begynte vi derfor på ei utbygging, og i 2022 stod det nye servicebygget ferdig. Bygget blei med dette utvida frå ca. 75 kvm til 500 kvm. Vi fekk både større butikk, ny kafé, selskapslokale og fleire toalett. Arkitekturen i bygget er spesiell og speglar området rundt Geirangerfjorden.