Nordlys

Nordlys er eit lysfenomen som oppstår når energirike partiklar blir slyngde frå sola mot jorda. Det ser ut som eit bølgjande lys i ulike fargar, og mange beskriv opplevinga som magisk. Kjem du seint på sommaren eller om hausten – og har litt flaks – kan du få sjå nordlyset danse på himmelen over Dalsnibba.

Soloppgang og solnedgang

Naturopplevingar

Viss du kjem tidleg om morgonen eller seint om kvelden, vil det vere færre folk på Dalsnibba. I tillegg vil du kunne nyte ein spektakulær soloppgang eller solnedgang frå toppen av fjellet. Eit godt tips til ei romantisk – og uansett mektig – oppleving!

Snø og ski

ski-700×200-fc

Tidleg i sesongen ligg snøen framleis på Dalsnibba, som derfor er eit populært mål for erfarne skikøyrarar på randonee-ski. Å sjå dei setje utfor kan vere ei stor oppleving. Eller kva seier du til å byggje ein snømann eller ha ein aldri så liten snøballkrig på Dalsnibba?

Paragliding

Naturopplevingar

Naturen kan opplevast på mange måtar, nokre meir spektakulære enn andre. Dalsnibba er populær blant paraglidarar, blant anna frå Geiranger Acro Jam. Og er du heldig, kan du få oppleve at dei set utfor Dalsnibba og svevar av stad.

Flora

flora-mose

Ein skulle kanskje ikkje tru at det fanst så mange vekstar i steinlandskapet her oppe, men ser du nøyare etter, oppdagar du fort at floraen er utruleg rik og variert. Små og vakre vekstar har funne grobotn i fjellsprekkar og steinurer.

Du finn dessutan eit vell av forskjellige moseartar, med reinlav som den dominerande arten.

Fauna

rype

Området her oppe høyrer til villreinens rike. Ofte kan vi sjå desse vakre dyra rett ved vegen og i området rundt platået.

Jerv og fjellrev har òg ein naturleg tilhaldsstad her, men vi ser dei sjeldan, sidan dei er sky av natur. Ørna sirklar ofte over fjellet, og rypeterrenget er rikt.

Vandring

Erfarne turgåarar kan bruke Dalsnibba som utgangspunkt for flotte turar, blant anna til:

  • Fossevatnet
  • Rundegga, der ein i klarvêr kan sjå heilt ut til havet
  • Kolbeinsvatnet
  • Vinsåshornet