Nyheiter for sesong 2018

Vegvesenet har begynt å frese vegen F63 over fjellet frå Geiranger mot Grotli/Stryn. Bildet under er eit skjermbilde frå webkameraet vårt på Dalsnibba. Bildet er tatt fredag 13. april.

Nyheiter 2018

På vegen opp Geiranger og på Nibbevegen kan du sjå mange små hus på vegen. Desse husa blir kalla Myldhus, og før  i tida vart mold (jord) lagra i desse husa gjennom vinteren. Når våren kom, brukte dei å ha denne jorda på snøen på vegen slik at snøen skulle smelte fortare på solfylte dagar. I år kjem vi til å bruke same metoden og ha jord på snøen på Nibbevegen slik at snøen kanskje smeltar fortare.

Når du besøker Dalsnibba, kan du logge deg på vårt gratis WIFI-nettverk. Vi ber deg vere obs på at nettverket kan vere litt tregt viss mange er pålogga på nettverket samtidig.

Det vil vere toalett tilgjengeleg på Dalsnibba til alle døgnets tider i høgsesongen. Du kan finne toalett på utsida av butikken som er tilgjengeleg heile døgnet frå midten av juni til midten av august. Toaletta inne i butikken vil berre vere tilgjengeleg i butikkens opningstider.

Vi vil fortsette suksessen frå førre sesong og selje pølse med brød og vaflar i kioskvogna som du finner på platået utanfor butikken. Her kan du også finne andre kioskvarer, suvenirar og klede i tillegg. Kiosken vil vere stengd på dagar med sterk vind.

Kva kan ein gjere på Geiranger Skywalk – Dalsnibba?

Geiranger Skywalk – Dalsnibba har Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg. Dette betyr at du kan nå toppen av Geiranger med eit køyretøy, og du treng ikkje gå i det heile tatt viss du ikkje vil, men samtidig kunne beundre utsikta frå toppen.

Du kan parkere på den nedste parkeringsplassen og følje den 300-400 meter lange stien opp til den spektakulære plattforma Geiranger Skywalk. Du kan beundre utsikta over verdsarvområdet, Geirangerfjorden og Blåbreen frå nye vinklar.

Vi har snø på Dalsnibba store delar av sommaren, så det er fullt mogleg å leike i snøen viss du ønskjer det. Fleire av våre gjestar har deira fyrste snøballkrig på Dalsnibba. Har du ikkje med deg vottar? Ingen problem, det er berre å ta turen innom butikken vår og velje favorittparet ditt blant vårt sortiment.

Kvifor ikkje bruke litt tid på shopping? Du kan finne eit stort utval av Geiranger Skywalk-produkt som du berre får kjøpt på Dalsnibba butikken. I tillegg har vi mange andre suvenirar, klede og kioskvarer. Hos oss kan du også finne handlaga Geiranger sjokolade, laga og produsert i Geiranger, og saft og syltetøy frå Valldal.

Book ditt besøk til Dalsnibba her.
Velkomen til oss!