Offisiell opning av Geiranger Skywalk – Dalsnibba

Offisiell opning av Geiranger Skywalk – Dalsnibba

Laurdag 27. august vart det arrangert opningsfest på Dalsnibba. Mange kom og deltok på den offisielle opninga av det nye platået sjølv om vêret var dårleg den første delen av arrangementet.

Platået som stod ferdig og klart til bruk allereie i juni, vart opna ved offentleggjering av namn og snorklipping. I vinter hadde vi namnekonkurranse for det nye platået og vi fekk tilsendt mange gode forslag. Juryen, som var sett saman av styret i Geiranger Skysslag, bestemte seg for namnet; «Geiranger Skywalk». Den kreative innsendaren av namnet var Per Ivar Lied som vann «Ein smak av Geiranger», ein kurv med mellom anna gåvekort hos Emobility (sponsa av dei), Westerås og spa, i tillegg til andre lokallaga produkt. Ordføraren i  Stranda Kommune, Jan Ove Tryggestad, fekk æra av å klippe snora og offisielt opne «Geiranger Skywalk».

I tillegg hadde vi underhaldning med mellom anna historisk attersyn ved Arild Flydal og song av Tone Oline Knivsflå, Magne Fremmerlid og Jenny Langlo. Tre av veteranbilane nytta av Geiranger Skysslag var også å sjå ved arrangementet.

Foto: Arild Solberg