For å køyre opp til Dalsnibba må du først betale bompengar. Det gjer du ved bomstasjonen i første del av Nibbevegen. Nedanfor finn du framgangsmåte for betaling og passering av bommen. Når bommen er bemanna, kan du òg få hjelp i billettluka.

Slik bruker du bompengeautomaten

Bil og motorsykkel – kort eller kontant

  1. Automaten stilt inn på bil/mc – ikkje trykk noko.
  2. Betal med kort, eller legg på myntar. Du må ha nøyaktig beløp, sidan automaten ikkje vekslar.
  3. Trykk Billett for å få billett/kvittering.

Buss – bompengar må betalast med kort

  1. Trykk «Takst 2».
  2. Sett inn kortet. Ingen PIN-kode.
  3. Trykk Billett for å få billett/kvittering.
header29-dalsnibba

Veksleautomat

Ved bomstasjonen finn du også ein veksleautomat. Veksleautomaten står rett til venstre for bomautomaten. Her kan du veksle norske setlar til myntar:

  1. Før inn setelen (NOK 100/200/500).
  2. Ta myntane som kjem ut.
  3. Gå vidare til bompengeautomaten for å betale.