Generelle vilkår

Vilkåra regulerer forholdet mellom turoperatør Geiranger Skysslag AS og kunde. Alle oppgitte prisar er i NOK – norske kroner.

Bestilling og betaling

Vilkår for bestilling, betaling og depositum for endeleg betaling må avtalast med turoperatør. Alle bestillingar er bindande. Når det gjeld transaksjonar via Internett, er bestillinga bindande med det same tenesta er betalt.

Vi kan tilby våre agentar å betale med faktura. Ved betaling med faktura vil det kome eit fakturagebyr på NOK 39,-. Ved for sein betaling vil det kome eit purregebyr på NOK 69,-.

Informasjon til kunde

Turoperatøren er forplikta til å gjere kunden merksam på dei rettane og pliktene som gjeld mellom turoperatør og kunde. Dette skal gjerast ved å orientere om gjeldande vilkår som kunden må vere kjend med. Spesielt må turoperatøren gjere kunden merksam på at han er ansvarleg for å ha reiseforsikring/personforsikring. Turoperatøren må vere klar på at han har rett til å endre prisen i enkelte tilfelle.

Kansellering for enkeltkundar og grupper

I samsvar med vilkåra våre refunderer vi ikkje kostnader for enkeltkundar. Ei bestilling er bindande når turen er bekrefta og betalt. Vi anbefaler eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Dersom kunden blir så sjuk at turen ikkje kan gjennomførast, må kunden kontakte forsikringsselskapet. Refusjon blir gitt av forsikringsselskapet så sant kunden har avbestillingsforsikring.

Kansellering for agentar

Agentar som har faktura som betalingsmetode, blir berre fakturert for dei passeringane dei har i bommen og difor treng dei ikkje kansellere. Agentar som betaler med kort, må kontakte booking@dalsnibba.no for kansellering eller flytting av førehandsbetalte billettar.

Endring i prisar, tenester osb.

Geiranger Skysslag AS har rett til å endre prisane som følgje av auke i skattar og avgifter, auke i prisar frå underleverandørar eller uunngåelege forhold som Geiranger Skysslag ikkje rår iver eller hadde høve til å føresjå.

Pliktene til kunden

Kunden må betale avtalt sum innan datoen som er avtalt, og i samsvar med dei vilkåra Geiranger Skysslag AS stiller.

Kunden må ikkje vere til bry for andre reisande. Ein person som bestiller tur for ein annan person, må forsikre seg om at den andre personen klarer seg sjølv under reisa. Våre tilsette har ikkje høve til å tilby spesialassistanse til reisande som ikkje klarer seg sjølve. Dei som er på reise, må vere sjølvhjelpte i utgangspunktet eller reises saman med følgje. Dersom kunden ignorerer dette kravet, kan det føre til at han eller ho blir vist bort utan rett til noka form for kompensasjon eller refusjon av utlegg for turen.

Kunden er forplikta til å ha med seg nødvendige reisedokument. Kunden har sjølv ansvar for tap av personlege eigedelar (reiseforsikring).

Kunden er pliktig til å laste ned/skrive ut passeringsbeviset før dei kjem til Dalsnibba bomstasjon då det ikkje er dekning og difor ikkje har muligheit for nedlasting her.

Retten til å kansellere turar

Geiranger Skysslag AS kan kansellere turar av desse årsakene:

  • Dersom det skjer hendingar som Geiranger Skysslag AS ikkje har kontroll over, og som Geiranger Skysslag AS heller ikkje kunne føresjå på det tidspunktet då bestillinga blei gjort
  • Dersom hendingar som krig, naturkatastrofar, epidemiar, utslepp frå industri eller liknande (force majeure) gjer det vanskeleg for Geiranger Skysslag AS å gjennomføre turen
  • Geiranger Skysslag AS skal informere kunden om kansellering så snart som råd. Dersom ein tur blir kansellert, har kunden rett til full refusjon av billettprisen (dersom billetten er betalt på førehand). Kunden kan ikkje krevje noka form for kompensasjon utover dette, med mindre kunden har lidd tap som følgje av grove feil frå Geiranger Skysslag AS si side.

Klage/klagefrist

Klage på tenestene må straks meldast til representanten for Geiranger Skysslag AS på staden, elles mistar kunden rett til å klage. Klager som gjeld andre forhold enn sjølve tenesta, må vere melde inn seinast 15 dagar etter at kunden er komen heim, dersom det ikkje er spesielle årsaker som gjer at denne fristen må utvidast.

Alle rettar

Geiranger Skysslag AS tek atterhald om retten til å endre prisar og om feiltrykk i tekstar, bilde og informasjon på våre nettsider. Vi tek atterhald om retten til å gjere endringar som dukkar opp etter at trykksaker, tidsplanar osv. er produserte. Vi tek også atterhald om retten til å gjere endringar i prisar og vilkår.