Dåp av platå

Klar til å døype nyplatået saman med oss?

Laurdag 27. august er det klart for avduking av det nybygde platået på Dalsnibba med underhaldning og talar. Det vil vere gratis å køyre opp og alle er velkomne til å feire saman med oss!

Praktisk informasjon om dagen

Parkering: det vil vere parkeringsvakter denne dagen og vi ber dykk difor om å parkere der parkeringsvaktene viser deg.Påkleding: dette er eit utearrangement så det er viktig å kle seg etter forholda.

Program

Programmet for dagen startar kl. 12 og det vil bli talar, døyping og snorklipping ved nyplatået og eit historisk attersyn. Kjende lokale artistar kjem for å underhalde, desse er Tone Oline Knivsflå frå Geiranger, Jenny Langlo kjent som vinnar av Idol i 2011 frå Stordal og Magne Fremmerlid frå Skodje. Det vil bli servert kaffi og kaker. Det offisielle programmet er ferdig kl. 14.