Vil du leike i snøen, men har gløymt vottane heime? Treng du litt å tygge på og noko å drikke, eller kanskje eit fint minne frå turen? Velkommen til servicebygget på toppen av Dalsnibba!

Det unike bygget stod ferdig i 2004, og den særprega arkitekturen gjer at det glir naturleg inn i omgivnadane.

Praktisk informasjon

Opningstider: 10.00–16.00

På baksida av bygget er det toalett.

Butikken

I butikken finn du unike Geiranger Skywalk-produkt, mellom anna kle, postkort og andre suvenirar. Vi sel òg lokale delikatesser som saft og syltetøy frå Safteriet i Valldal og eit godt utval Geiranger-sjokolade. Vi har i tillegg eit utval av norskproduserte produkt som blant anna krus og kjøkkengjenstandar.

Viscope-kikkert

For å gi deg ei enda betre oppleving på Dalsnibba har vi investert i ein såkalla Viscope-kikkert, som står på platået over butikken. Med denne får du ikkje berre 360-graders utsikt over heile området, men også informasjon om for eksempel namna på fjella du kikkar på. Informasjonen tilpassar seg etter kvart som du beveger kikkerten, og du får òg vite kva retning du ser i, og kor Oslo, Bergen, Svalbard osv. ligg.

Vi bygger ny butikk

Vi utvidar servicehuset vårt på Dalsnibba. Når bygget står ferdig vil vi ha ein stor ny og flott butikk med eit større utval av kortreiste produkt, vi vil ha eit kaféareal tilgjengeleg for alle kundar, og eit fleirbruksareal som blant anna kan leigast til selskap eller møter.

Etter planen skulle butikken stå klar i løpet av kommande sesong, sesong 2020, men på grunn av koronasituasjonen så vil bygginga ta litt lengre tid enn først forventa. Ny forventa opning for butikken er sesong 2021.

Om ikkje fleire uventa ting skjer, vil vi kunne tilby lunsj på bestilling frå sesong 2022. Dette er fyrst og fremst tiltenkt grupper, men individuelle kan også kontakte oss for moglegheita til å bestille seg lunsj. Ved å bestille på førehand, er du garantert sitjeplass og mat til avtalt tid.

Frå sesong 2022 vil vi leige ut fleirbruksarealet vårt til diverse arrangement som til dømes bursdagsselskap og bryllaup, eller til møte og konferanse.

ny-butikk-2
ny-butikk