Vegen frå Djupvasshytta ved fv. 63 til Dalsnibba opnar i mai, eller så snart vi klarer det. Og han er som regel open kvar dag døgnet rundt til oktober. Opningstidene kan variere noko avhengig av vêrforholda. Bommen er bemanna på dagtid frå opning av vegen til midten av september.
Prisar for bompassering
Du betalar for anten bil eller buss. Alle passasjerar i køyretøyet er inkludert i prisen.
Kjøp billettar
Opningstider
Høgsesongen hos oss er perioden mellom 15. juni og 15. august. Lågsesongen vår er delt i to: perioden frå vegen opnar (vanlegvis i mai), til høgsesongen begynner – og frå høgsesongen sluttar, til vegen stenger (vanlegvis i oktober).