Ein roleg tur i bratt terreng – tett på alt som rører seg.
Sykling til Geiranger Skywalk Dalsnibba byr på ein av dei mest spektakulære fjellturane på Vestlandet – og ei oppleving du tek inn med heile kroppen. Du treng ikkje sykle fort. Du skal berre opp. Gjennom 11 hårnålsvingar og over 470 høgdemeter går vegen frå fjellvatnet Djupvatnet til verdsarvsutsikta på toppen.
Når du pustar tungt på siste kneika og ser landskapet opne seg, veit du at dette er noko du kjem til å hugse: Tenkt at vi har sykla oss hit med eigne bein.
Eit stillare vegval – tettare på fjellet
Å sykle opp Nibbevegen er noko heilt anna enn å køyre. Du kjem tettare på alt – både fjellet og deg sjølv. Du legg merke til korleis temperaturen endrar seg, korleis vinden smyg seg inn i jakka, korleis fjellufta luktar ulikt i sol og skugge. Snøen kan framleis liggje i grøfta i juni. Fjorden forsvinn bak deg – heilt til du finn han igjen på 1 500 meter over havet.
Kva slags tur vil du ha?
Du kan starte turen frå Geiranger sentrum og få ein seig etappe med over 1 400 høgdemeter, eller du kan byrje ved Djupvatnet og berre ta siste biten, der Nibbevegen byr på bratt, men jamn stigning. Begge rutene gir god flyt, mykje landskap og seinare ei utsikt og ei høgfjellsoppleving som er sjeldan på god asfaltveg.
Elsykkel gjer turen meir tilgjengeleg, og den jamne stigninga passar fint for elektriske hjelpemiddel. Vil du gjere det som sykkeltopptur i motbakke, får du ei fysisk utfordring i rå omgjevnader.
Praktisk for deg som vil sykle
Vegen er open frå ca. midten av mai til september (avhengig av snø)
Gratis for syklistar – ingen bom
Open heile døgnet – minst trafikk og vakrast lys morgon og kveld
Du kan leige elsykkel i Geiranger, til dømes hos Visit Geiranger
Ta med klede etter foholda.
Du finn kafé og toalett på toppen, og god plass til å setje frå seg sykkelen
Det er lov å setje seg ned og bruke litt tid før du trillar ned igje.
Utsikta ventar på deg
Når du kjem fram til Geiranger Skywalk, står du side om side med dei som har kome med bil og buss. Men det er noko eige ved å vite at du har sykla deg opp. Landskapet har kome til deg – sving for sving.
Du står framfor ei open fjordutsikt, eit fjellpanorama og eit tverrsnitt av verdsarven. Og det er ikkje berre sykkelturen som gjer at du kjenner det i kroppen.
Du kom deg heilt opp – og no er du heilt ute: I lyset, i stilla, i utsikta.
Vegstatus
Vegen opp til oss er no open
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.