Personvern og informasjonskapslar
Denne nettsida er driven av Geiranger Skywalk Dalsnibba. Vi er opptatt av å ta vare på personvernet ditt, og her forklarer vi kva informasjon vi samlar inn, kvifor vi gjer det – og kva rettar du har. Du får òg vite korleis vi brukar informasjonskapslar (cookies).
Personvern
Kva informasjon samlar vi inn?
Vi samlar berre inn personopplysningar du sjølv gir oss – til dømes:
- når du kjøper billett
- melder deg på nyheitsbrev
- sender oss ein førespurnad via kontaktskjema eller e-post
Dette kan inkludere: namn, e-postadresse og liknande kontaktinformasjon – og anonym informasjon om korleis du brukar nettsida.
Kva brukar vi opplysningane til?
Vi bruker informasjonen for å:
- sende deg nyheitsbrev (viss du har meldt deg på)
- levere tenester du har bestilt (som billettkjøp)
- svare på spørsmål via e-post eller skjema
- analysere nettsida gjennom anonyme data og statistikk (Google Analytics)
Vi deler ikkje personopplysningane dine med uvedkommande, men nyttar kjende og sikre tenesteleverandørar som Google og Mailchimp.
Kor lenge lagrar vi informasjon?
Vi oppbevarer opplysningar berre så lenge det er naudsynt – og berre til det formålet dei blei samla inn for.
Dine rettar:
Du har rett til å:
- få innsyn i kva vi har lagra
- krevje retting eller sletting
- trekke tilbake samtykke
- klage til Datatilsynet viss du meiner handteringa er i strid med reglane
Ta kontakt med oss på booking@dalsnibba.no viss du vil bruke rettane dine.
Informasjonskapslar (cookies)
Vi brukar informasjonskapslar for å gjere nettsida betre og meir brukarvennleg. Nokre er nødvendige, andre hjelper oss å forstå kva som fungerer og kva vi kan forbetre.
Kva cookies brukar vi?
- _ga, _gid, _gat – frå Google Analytics. Blir brukt til å hente anonym statistikk om korleis sida blir brukt (trafikk, besøk, åtferd). Utløp: inntil 2 år.
- mailchimp_landing – frå Mailchimp. Blir brukt for å analysere kva som skjer når nokon melder seg på nyheitsbrev. Utløp: inntil 30 dagar.
Desse informasjonskapslane hjelper oss å forstå kor mange som besøker nettsida, kva dei klikkar på og om nyheitsbrevet vårt er nyttig.
Du kan når som helst gå inn i nettlesarinnstillingane dine og slå av informasjonskapslar – eller stille inn at du vil få spurnad før lagring.
Endringar i denne erklæringa
Vi oppdaterer personvernerklæringa ved behov. Ny versjon vil alltid vere tilgjengeleg på nettsida.
Har du spørsmål?
Send ein e-post til booking@dalsnibba.no, så hjelper vi deg.
Vilkåra regulerer forholdet mellom turoperatør Geiranger Skysslag AS og kunde. Alle oppgitte prisar er i NOK – norske kroner.
Bestilling og betaling
Vilkår for bestilling, betaling og depositum for endeleg betaling må avtalast med turoperatør. Alle bestillingar er bindande. Når det gjeld transaksjonar via Internett, er bestillinga bindande med det same tenesta er betalt.
Vi kan tilby våre agentar å betale med faktura. Ved betaling med faktura vil det kome eit fakturagebyr på NOK 39,-. Ved for sein betaling vil det kome eit purregebyr på NOK 69,-.
Informasjon til kunde
Turoperatøren er forplikta til å gjere kunden merksam på dei rettane og pliktene som gjeld mellom turoperatør og kunde. Dette skal gjerast ved å orientere om gjeldande vilkår som kunden må vere kjend med. Spesielt må turoperatøren gjere kunden merksam på at han er ansvarleg for å ha reiseforsikring/personforsikring. Turoperatøren må vere klar på at han har rett til å endre prisen i enkelte tilfelle.
Kansellering for enkeltkundar og grupper
I samsvar med vilkåra våre refunderer vi ikkje kostnader for enkeltkundar. Ei bestilling er bindande når turen er bekrefta og betalt. Vi anbefaler eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Dersom kunden blir så sjuk at turen ikkje kan gjennomførast, må kunden kontakte forsikringsselskapet. Refusjon blir gitt av forsikringsselskapet så sant kunden har avbestillingsforsikring.
Kansellering for agentar
Agentar som har faktura som betalingsmetode, blir berre fakturert for dei passeringane dei har i bommen og difor treng dei ikkje kansellere. Agentar som betaler med kort, må kontakte booking@dalsnibba.no for kansellering eller flytting av førehandsbetalte billettar.
Endring i prisar, tenester osb.
Geiranger Skysslag AS har rett til å endre prisane som følgje av auke i skattar og avgifter, auke i prisar frå underleverandørar eller uunngåelege forhold som Geiranger Skysslag ikkje rår iver eller hadde høve til å føresjå.
Pliktene til kunden
Kunden må betale avtalt sum innan datoen som er avtalt, og i samsvar med dei vilkåra Geiranger Skysslag AS stiller.
Kunden må ikkje vere til bry for andre reisande. Ein person som bestiller tur for ein annan person, må forsikre seg om at den andre personen klarer seg sjølv under reisa. Våre tilsette har ikkje høve til å tilby spesialassistanse til reisande som ikkje klarer seg sjølve. Dei som er på reise, må vere sjølvhjelpte i utgangspunktet eller reises saman med følgje. Dersom kunden ignorerer dette kravet, kan det føre til at han eller ho blir vist bort utan rett til noka form for kompensasjon eller refusjon av utlegg for turen.
Kunden er forplikta til å ha med seg nødvendige reisedokument. Kunden har sjølv ansvar for tap av personlege eigedelar (reiseforsikring).
Kunden er pliktig til å laste ned/skrive ut passeringsbeviset før dei kjem til Dalsnibba bomstasjon då det ikkje er dekning og difor ikkje har muligheit for nedlasting her.
Retten til å kansellere turar
Geiranger Skysslag AS kan kansellere turar av desse årsakene:
- Dersom det skjer hendingar som Geiranger Skysslag AS ikkje har kontroll over, og som Geiranger Skysslag AS heller ikkje kunne føresjå på det tidspunktet då bestillinga blei gjort
- Dersom hendingar som krig, naturkatastrofar, epidemiar, utslepp frå industri eller liknande (force majeure) gjer det vanskeleg for Geiranger Skysslag AS å gjennomføre turen
- Geiranger Skysslag AS skal informere kunden om kansellering så snart som råd. Dersom ein tur blir kansellert, har kunden rett til full refusjon av billettprisen (dersom billetten er betalt på førehand). Kunden kan ikkje krevje noka form for kompensasjon utover dette, med mindre kunden har lidd tap som følgje av grove feil frå Geiranger Skysslag AS si side.
Klage/klagefrist
Klage på tenestene må straks meldast til representanten for Geiranger Skysslag AS på staden, elles mistar kunden rett til å klage. Klager som gjeld andre forhold enn sjølve tenesta, må vere melde inn seinast 15 dagar etter at kunden er komen heim, dersom det ikkje er spesielle årsaker som gjer at denne fristen må utvidast.
Alle rettar
Geiranger Skysslag AS tek atterhald om retten til å endre prisar og om feiltrykk i tekstar, bilde og informasjon på våre nettsider. Vi tek atterhald om retten til å gjere endringar som dukkar opp etter at trykksaker, tidsplanar osv. er produserte. Vi tek også atterhald om retten til å gjere endringar i prisar og vilkår.