Geirangerfjorden og Nibbevegen sett frå Dalsnibba.
besøk oss 1500 meter over havet

Høgare kjem du ikkje.

Sving deg opp frå Geiranger, eller over Strynefjellet. Her får mange hakeslepp når dei ser verdsarven frå ein heilt ny vinkel. Velkomen opp til Europas høgste fjordutsikt frå bilveg.

Kom deg til topps frå Geiranger sentrum

Er du allereie i Geiranger? Då er det enkelt å kome deg heilt opp til oss, og sjå landskapet frå ein ny vinkel. Geiranger Taxi tilbyr guida buss- og taxiturar. Visit Geiranger leiger ut elsyklar, elbilar og tilbyr bussturer. eMobility Geiranger leiger ut  elbilar (Twizy med 2 seter).

Geiranger Taxi
Visit Geiranger
eMobility Geiranger

Planlegg stoppet på fjord- og fjellturen

Planlegg du roadtrip til Vestlandet i sommar? Eller vil du få litt fjordutsikt på tur i Gudbrandsdalen eller Lom? Den beste bilferien inneheld dei beste avstikkarane. Du når lett Dalsnibba på dagstur frå Lom, Loen, Stryn, Nordfjordeid, Ålesund, Molde, Trollstigen eller Atlanterhavsvegen.

Finn vegen til oss
UNESCO VERDSARV

Saman på toppen av verdsarven

Naturen på 1500 meter er majestetisk, men kan også vere utfordrande. For at alle skal få ei flott oppleving, ber vi deg vere merksam på vêr og natur. Vi gjer vårt beste for tryggleiken, men besøket er på eige ansvar – akkurat som alle høgdepunkt i livet.

Vi har mange parkeringsplassar

Parker innanfor oppmerkinga så alle får plass.

Når naturen kallar

Bruk toaletta våre når naturen kallar, ikkje verdsarven vår

Ta med deg gode minne heim

Ta med deg dei gode minna heim, og la naturen stå urørt for dei som kjem etter deg.

Del dei fantastiske utsiktene på sosiale medium

Men ikkje etterlat spor i naturen.

Trø varsamt i sårbar natur

Dei små plantene som klamrar seg fast i høgfjellet kjempar ein hard kamp. Ikkje gjer den hardare. Hugs å ta med alt søppelet ditt heim.

Kafé og butikk

Velkomen inn! Her finn du både butikk, kafé, selskapslokale og toalett. I kafeen serverer vi kanelsnurrar, kaker, vaflar, påsmurde sandwichar med gode lokale smakar, kaffi, te og mineralvatn. Set deg gjerne ned i kafeen og nyt utsikta over Geirangerfjorden, eller varm deg framfor peisen.

I butikken vår kan du finne dei gode minna frå Geiranger Skywalk, dei varmande kleda frå Skogstad og Devold, smakebiter frå norsk mat og skandinavisk design av høg kvalitet.

Arrangement 1500 meter over havet

Selskapslokale med nydeleg utsikt over fjella rundt og som passar til alle høve – dåp, bursdag, bryllaup eller andre samlingar. Sitjeplassar til 65 personar, og lokalet har universell utforming. La oss hjelpe deg med å skape ei i unik ramme rundt ditt arrangement 1500 meter over havet.

Fleksibel kapasitet

Med plass til 65 personar kan vi tilpasse lokalet for både små, intime samlingar og større arrangement. Sal, bord og stolar kan arrangerast etter dine ønskjer.

Lokal mat og drikke

Vi kan tilby servering av mat og drikke tilpassa ditt arrangement - frå enkle kaffiserveringar til varmande mat og velsmakande drikke.

Unikt utsiktslokale

Dalsnibbasalen byr på ein spektakulær panoramautsikt over fjell og vidder. Ingen andre selskapslokale i Noreg kan by på ei slik kulisse for feiringa di. Med glasvegger på tre sider blir naturen sjølv ein del av arrangementet.

Planlegg arrangementet ditt

Bestill selskapslokale

Fyll inn kontaktskjema eller send oss ein e-post på booking@dalsnibba.no

Takk! Din innsending er mottatt!
Oops! Noe gikk galt med innsendingen.

Ofte stilte spørsmål

Kort ingress her. Vi må samle opp dei riktige spørsmåla.

Når er Geiranger Skywalk Dalsnibba open?

Sesongen
Vi opnar som regel i midten av mai, og har ope til september/oktober.
Vi arbeider alltid for å opne så tidleg som mogleg, men naturen set premissane i fjellet. Følg med i sosiale medium og på nettsidene våre.

Vegen

Vegen er open heile døgnet når vi har ope.

Butikk, kafé og toalett
Mai–14. juni: 09.30–17.00
15.juni–15. august: 09.30–17.30
16. august–september: 09.30–17.00

Tidlegare sesongopningar for vegen
2025: 12. mai–3. oktober
2024: 15. mai–24. september
2023: 24. mai–3. oktober
2022: 31. mai–4. oktober
2021: 21. mai–8. oktober
2020: 12. juni–16. oktober
2019: 21. mai–10. oktober
2018: 14. mai–20. september
2017: 25. mai–9. oktober
2016: 16. mai–18. oktober
2015: 5. juni–5. oktober


Korleis er vêrforholda på Dalsnibba gjennom sesongen?

På 1500 meters høgde kan vêret endre seg raskt. Frå klare solskinsdagar med uendeleg utsyn over fjorden til dramatiske skydekke som gir ei heilt anna, men like spennande oppleving. Vi anbefaler å sjekke webkameraet vårt på dalsnibba.no før besøk for oppdaterte vêrforhold.

Korleis kjøper eg billett?

Du kan kjøpe billett her på nettsida på førehabd, eller betale i bommen når du kjem hit.

Kva fasilitetar finst på Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Vi har ein moderne butikk med suvenirer, turklede og lokale produkt. I kafeen vår kan du nyte kaffi, blingsar, kanelboller og anna søtmat medan du ser utover fjordlandskapet. Alle fasilitetane våre, inkludert toaletta, er universelt utforma og tilgjengelege for alle.

Gjennom sesongen har vi ulike arrangement. Følg med i sosiale medium og her på heimesida. Vi har også ein eigen pop-up-kafé i Dalsnibbasalen.

Er Geiranger Skywalk Dalsnibba tilgjengeleg for personar med nedsett funksjonsevne?

Ja. Sjølvsagt. Anlegget er universelt utforma. Du kan køyre bil heilt fram, og vegen frå parkeringsplassen til utsiktsplattformen og bygningane er tilrettelagt med rullestolramper. Toaletta er også tilgjengelege for alle.

Kva er dei beste tipsene for fotografering på Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Det finst mange gode fotopunkt på Geiranger Skywalk Dalsnibba. For det klassiske panoramabildet av Geirangerfjorden, anbefaler vi plattforma med glasrekkverket. For meir unike vinklar, følg stien rundt toppen til ulike utsiktspunkt. Morgon- og kveldslys gir ofte dei mest dramatiske bileta, og på klare dagar kan du sjå langt ut. Hugs at vêret kan endre seg raskt, så vent gjerne litt om det er skydekke.

Er Geiranger Skywalk Dalsnibba eigna for motorsyklistar?

Absolutt! Nibbevegen med sine 11 hårnålssvingar er eit paradis for motorsyklistar. Den svingete vegen opp og den fantastiske utsikta på toppen gjer dette til eit av dei mest populære motorsykkelmåla i Norge. Vi har tilrettelagt parkering for motorsyklar og mange motorsykkelentusiastar besøker oss kvart år.

Kan eg bruke drone på Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Du kan berre bruke drone rett over parkeringsplassen/hovudområdet vårt. Du kan få fine bilete av utsikta. Pass på å ta omsyn til alle andre gjester, og til vêr og natur.

Kan eg overnatte med bubil ved Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Vegen opp til Geiranger Skywalk Dalsnibba er godt egna for bubil og mange bubilturistar besøker oss kvart år.

Vi har ikkje eigne fasilitetar for bubilovernatting på Geiranger Skywalk Dalsnibba. I Geiranger finn du fleire campingplassar med full service for bubilar.

Kva klede bør eg ta med til Dalsnibba?

Temperaturen på 1 500 meter kan vere 10-15 gradar kaldare enn nede i Geiranger, og vinden kan kjennast sterk. Vi anbefaler varme lag, vindtett jakke og gode sko – sjølv i sommarvarmen. På våren og hausten er det gjerne snø på bakken, så vinterklede kan vere aktuelt. Sjekk webkameraet vårt før du reiser.

Kor lang tid tek det å køyre frå Geiranger sentrum til Dalsnibba?

Turen frå Geiranger sentrum til toppen tek om lag 30 minutt med bil. Dei første 16 km går på fylkesveg 63, deretter 5 km på Nibbevegen med 11 hårnålssvingar. Rekn gjerne litt ekstra tid for fotostopp undervegs – utsikta frå vegen er spektakulær.

Kan eg sjå nordlys frå Dalsnibba?

Geiranger ligg for langt sør til at nordlyset er synleg regelmessig, men i periodar med sterk solaktivitet kan det hende du er heldig. Det du heile tida kan oppleve, er ein fantastisk stjernehimmel på klare kveldar når mørkret senkar seg. Vegen er open heile døgnet i sesongen.

Er det mogleg å gå til fots opp eller ned frå Dalsnibba?

Ja, det er ein merka sti frå parkeringsplassen opp til Geiranger Skywalk, og du kan gå langs vegen. Denne gir ei fin oppleving i seg sjølv. For erfarne fjellturgåarar er det også mogleg å vandre vidare til andre toppar i området. Vi tilrår å ha med kart og god turerfaring, då høgfjellet kan vere krevjande.

Kva andre attraksjonar kan eg kombinere med Dalsnibba same dag?

Dalsnibba er ein naturleg del av oppleviingane i Geiranger. Kombiner gjerne med Flydalsjuvet (spektakulært utsiktspunkt over fjorden), Ørnesvingen med sine 11 svingar ned mot Geiranger, og eventuelt ein fjordcruise på Geirangerfjorden. Dei fleste brukar minst ein halv til heil dag på Geiranger-området.

Vi ligg også langs vegen for deg som køyrer mellom Geiranger og andre destinasjonar, som Stryn, Loen, Olden, Lom, Lillehammer. Det er også mogleg med dagsturar frå Molde via Trollstigen, og Ålesund.

Må eg bestille billett på førehand?

Du kan kjøpe billett både på førehand her på nettsida og i bommen når du kjem. Billetten er gyldig heile dagen.

Kva skjer dersom vegen er stengt på grunn av vêr?

Vegen kan stenge på kort varsel ved fare for snø, is eller uvêr. Vi oppdaterer vegstatus på nettsida vår og i sosiale medium. Om vegen er stengt når du har kjøpt billett på førehand, får du naturlegvis refundert billetten. Sjekk alltid vegstatus og webkameraet før du reiser opp.

Finst det overnatting i nærleiken av Dalsnibba?

Det er ikkje overnatting på sjølve Dalsnibba, men i Geiranger sentrum (ca. 30 min unna) finn du fleire hotell, hytter og campingplassar. For dei som vil bu høgt til fjells, ligg Djupvasshytta (ca. 1 030 moh.) langs vegen opp – eit idyllisk fjellvatn med overnatting og servering.

Korleis er tilhøva for sykkel på Nibbevegen?

Nibbevegen er populær blant erfarne syklistar, men stigninga er krevjande. Vegen er open for all trafikk, så ver obs på bilar og bussar. Vi tilrår god erfaring med bakkesykling og forsvarleg utstyr. Beløninga på toppen er verdt strevet.

Det er også mogleg å leige elsyklar i Geiranger. Då er turen opp enklare, men opplevinga er like storslått.

Kan barn ta med seg utstyr for å leike i snøen på Dalsnibba?

Absolutt! På forsommaren, og ofte utover i juni og juli, ligg det framleis snø på Dalsnibba – perfekt for snøballkrig og leik, sjølv midt på sommaren. Ta med kjelke eller bygg snømann. Hugs at barn må vere under oppsyn, og kle dei varmt – vinden kan vere kjølig sjølv når sola skin.

Har du spørsmål?

Kontakt oss for mer informasjon.

Opningstider

Til vanleg opnar vi for sesongen midt i mai, og stengjer i september. Vegen er døgnopen i sesongen.
Bommen er bemanna frå 9.00 til 17.00. Resten av døgnet kan du bruke utandørs betalingsterminal ved bommen.

Vegen og utkikspunktet

ca. mai–september

00:00–23:59

Butikk, kafé og toalett

mai–14.juni

09.30–17.00

15. juni–15. august

09.30–18.00

16. august–september

09.30–17.00