Perfekt for ei svolten gruppe

Om de er i Geiranger, er det kort veg til ein fantastisk lunsj. Vi serverer 2-3 rettar for grupper opp til 65 personar, i tillegg serverer vi ei utsikt som mettar alle sansar.

Her får de eigen inngang til Dalsnibba Lounge og eigne toalett. Enten de er ei bussgruppe eller ein annan flott gjeng, slepp de å sitje i éin stor restaurant saman med alle andre gjestene – de får dykkar heilt eiga plass, med peis og god stemning.

Det vil òg vere moglegheit til å sjå ein film som viser vår historie, medan de nyt lunsjen. Velkommen til den mest unike serveringsstaden i Geiranger.

Booking for grupper her.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no open

11.05 kl 13.00 og vi er opne for sesongen! Vegen vil vere open på dagtid frå kl 10.00 - 16.30 fram til vêret blir meir stabilt. Ved fare for snø og/eller is vil vegen stenge på kort varsel.

Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no stengt

Vi har starta brøytinga av vegen opp til oss, men dato for opning er fortsatt uavklart. Vêret i mai vil vere ein avgjerande faktor.  Vi minner om at all ferdsel er forbode fram til opning.

Vi gleder oss til å ønske deg velkomen til Europas høgste fjordutsikt frå bilveg i løpet av mai!

FV 63 Geiranger - Langvatn er opna for ferdsel 29. april kl. 15.00, men vi anbefaler deg å følge med på https://www.vegvesen.no/trafikk for oppdatert informasjon om denne strekninga.