Planlegg opplevinga
Alt du treng å vite for eit vellykka besøk.
Opningstider for grupper
Vegen er open heile døgnet i sesongen (til vanleg frå ein gong i mai og til september).
Butikk og kafé
Kafé og suvenirbutikk med lokale produkt, turklede og reiseminne.
Bussparkering
God kapasitet rett ved anlegget.
Toalett
Moderne fasilitetar tilgjengeleg for alle gjester i opningstidene for butikk og kafé.
Universell utforming
Heile anlegget er tilgjengeleg for alle.
Billettordning
Eige system for gruppebestilling. Kontakt oss og avtal dette.
Profesjonelt tilrettelagt for turoperatørar


Nyt gode smakar på toppen av Noreg
Etter både lange og korte reiser treng alle ein pause. I kafeen vår kan vi by på:
- varm drikke og søte kaker
- lunsj tilpassa gruppestorleik
- take-away-løysingar for grupper på farten
- kanelbollen vår – berømt blant bussjåførar og guidar
For større grupper kan vi organisere servering i Dalsnibbasalen med panoramautsikt. Vi kan også tilby pop-up kafé med ekstra serveringskapasitet i høgsesongen. Vår erfaring med internasjonale gjester sikrar at vi kan møte ulike diettar og ønskjer.
Gjer besøket meir minneverdig

Ofte stilte spørsmål
Her finner du svar på vanlege spørsmål fra turoperatørar, agentar og grupper som besøker oss.
Ja, vegen er dimensjonert for bussar og blir vedlikehalde til høg standard. Vegbredda tillèt møtande trafikk, og det er møteplassar der vegen er smalare.
Ja, vi tilbyr eigne prisar for grupper. Kontakt oss for prisar basert på gruppestorleik og eventuelle tilleggstenester.
Vi anbefaler 30-45 minutt for eit godt opphald, inkludert tid til fotografering og å nyte utsikta. Med matpause og/eller andre aktivitetar bør du rekne 1–1,5 time.
Vêret i fjellet kan endre seg raskt. På klare dagar ser du heilt til havet, medan skyer og tåke kan gi ei heilt anna, men like magisk oppleving andre dagar. Sjekk webkameraet vårt før besøk for oppdaterte forhold.
Desse tenestene må bestillast på førehand. Kontakt oss direkte med ønskjer og datoar, så vil vi bekrefte tilgjengelegheit og pris.
For grupper tilbyr vi eigne ordningar som gjer prosessen enklare. Kontakt oss på booking@dalsnibba.no eller ring oss, så avtaler vi billettering basert på gruppestorleik, dato og eventuelle tilleggstenester.
Ja, for grupper og turoperatørar tilbyr vi fakturaordning. Ta kontakt med oss på førehand, så sender vi faktura etter avtale. Dette gjer det enklare for både sjåfør og reiseleiar, og de slepp å handtere betaling undervegs.
Vi tek i mot grupper heile dagen i opningstida, og for større grupper eller spesielle arrangement kan vi avtale tidspunkt. Kontakt oss, så finn vi ei løysing som fungerer best for dykk og dei andre gjestene våre.
Kafeen vår har god kapasitet for grupper, og vi kan servere både mindre og større selskapar. For dei største gruppene kan vi opne pop-up-kafé med ekstra serveringskapasitet, eller organisere servering i Dalsnibbasalen med plass til inntil 65 personar.
Vi har også servert matpakkar og laga andre praktiske løysingar for grupper som treng dette.
Vi har ikkje eigne guidar på Dalsnibba, men vi kan formidle kontakt med lokale guideselskap som kan følgje gruppa di. Mange turoperatørar har også eigne guidar som fortel historia om Nibbevegen og området undervegs opp.
Dalsnibbasalen er ein fleksibel arena for alt frå bryllaup, dåp og bursdagar til firmamøte, kick-off og teambuilding. Med plass til 65 personar, panoramautsikt og tilgang på servering, kan vi tilpasse lokalet til ditt arrangement. Kontakt oss for pris og tilgjenge.
Vi har god parkeringskapasitet for bussar rett ved anlegget. Parkeringsområdet er dimensjonert for fleire bussar samtidig, og det er møteplassar langs vegen opp dersom trafikken er tett. Erfarne sjåførar meistrar Nibbevegen utan problem.
Vi samarbeider med fleire lokale aktørar og kan formidle kontakt til andre opplevingar i Geiranger-området. Mange turoperatørar kombinerer Dalsnibba med Flydalsjuvet, Ørnesvingen og andre utsiktspunkt – kontakt oss gjerne for tips til ruteopplegg.
Har du spørsmål?
Kontakt oss for mer informasjon og hjelp.
Opningstider
Til vanleg opnar vi for sesongen midt i mai, og stengjer i september. Vegen er døgnopen i sesongen.
Bommen er bemanna frå 9.00 til 17.00. Resten av døgnet kan du bruke utandørs betalingsterminal ved bommen.
Vegen og utkikspunktet
ca. mai–september
Butikk, kafé og toalett
mai–14.juni
15. juni–15. august
16. august–september

