Sommarjobb 1500 meter over havet

Er du glad i folk, fjell og fjord? Kom til Geiranger i sommar. Vi tilbyr jobb. For deg som kjem langvegs frå kan vi tilby bustad. Hos oss kan du jobbe i butikk/kafé eller bomvegen.

Vi søkjer no etter deg som kan arbeide frå ca. 25. mai/1. juni til 30. september, eller etter avtale.

Geiranger Skywalk Dalsnibba ligg 1500 meter over havet, og er eit ukikspunkt, med butikk, kafé, selskapslokale og ein bomveg som vi driv.

praktisk informasjon

Vi søker deg som:

Du tikkar kanskje ikkje av alle boksane, men om du kan mykje av dette, er vi interesserte.

Krav til stillinga

Du må vere over 20 år og ha førarkort klasse B eller tilsvarande. Vi ser etter deg som bidreg til eit godt arbeidsmiljø og ein kjekk arbeidsdag.

Vi tilbyr både stillingar i butikk/kafé og som medarbeidar i bommen.

Erfaring frå butikk og kafé

Det er ein fordel om du har erfaring frå butikk og/eller kafé, særleg om du har erfaring frå kjøken eller interesse for mat. Vi ser etter deg som er kundevenleg, lojal, pliktoppfyllande og strukturert.

Hos oss er det kjekt og hektisk, og vi jobbar saman i opningstidene til butikken og bommen.

Motivert til å møte folk frå heile verda

Du snakkar eit nordisk/skandinavisk språk, engelsk og gjerne eitt eller fleire framandspråk. Personlege eigenskapar er like viktig som tidlegare arbeidserfaring, og vi gir opplæring på alle område.

Vi oppmodar par og gode vener som kan dele hybel om å søkje. Skriv gjerne det i søknaden.

SEND SØKNAD Før 13. februar 2026

Fortel oss kven du er og kva du kan

Modern rustic shop interior with wooden beams, a counter displaying snacks and merchandise, and several people browsing.

Ofte stilte spørsmål

Her finner du svar på vanlege spørsmål om å jobbe hos oss

Kva jobbar du med?

Dei fleste arbeider i butikk og kaféen vår med sal, matlaging og halde areala våre innbydande for gjestene våre. Arbeidsoppgåvene er mange og varierer i løpet av ein dag. Du som arbeider hjå oss bidreg til ein imøtekommande atmosfære 1500 meter over havet.

Bomvakta er kundens første møte hjå oss og ein viktig del av jobben er sal av billettar og kundehandtering.

Kven andre jobbar her?

Vi har fast tilsett dagleg leiar og marknadsleiar. Nokre som har sommarjobb kjem tilbake fleire år. Vi har også fleire nye. Vi har hatt tilsette frå heile Norden og ønskjer å ha skandinavisk som arbeidsspråk.

Kvar bur eg?

For deg som ikkje er frå Geiranger, så kan vi ordne bustad på hybel. Skriv gjerne til oss om du søkjer samtidig med ein kjærast eller ven du kan dele hybel med.

Når er jobben?

Vi opnar for sesongen midt i mai og stengjer i september. Butikk, kafé og toalett er opne heile sesongen, med ekstra høg aktivitet frå 15. juni til 15. august. Bommen er bemanna frå 9.00 til 17.00 kvar dag.

Kva er krava?

Du må vere over 20 år og ha førarkort klasse B eller tilsvarande. Det er ein fordel om du har erfaring frå butikk og/eller kafé, men vi gir opplæring på alle område.

Du må snakke eit nordisk/skandinavisk språk og engelsk, og gjerne eitt eller fleire framandspråk.

Viktigast av alt er at du er kundevenleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Kva er Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Geiranger Skywalk Dalsnibba er Europas høgste fjordutsiktspunkt frå bilveg, 1 500 meter over havet. Utsiktsplattforma vart opna i 2016 og gir besøkande ei fantastisk oppleving med utsyn over UNESCO verdsarvområdet Geirangerfjorden. Med rister i underlaget og glasrekkverk får du ei svevande kjensle medan du nyt panoramautsikta over fjord, fjell og fleire tusen år med forteljingar frå landskapet.

Vi er eigd og drive av folk herifrå, og øsnkjer folk frå heile verda velkomen. Vi driv veg, butikk, kafé og selskapslokale.

Har du spørsmål?

Kontakt oss for mer informasjon og hjelp.

Opningstider

Til vanleg opnar vi for sesongen midt i mai, og stengjer i september. Vegen er døgnopen i sesongen.
Bommen er bemanna frå 9.00 til 17.00. Resten av døgnet kan du bruke utandørs betalingsterminal ved bommen.

Vegen og utkikspunktet

ca. mai–september

00:00–23:59

Butikk, kafé og toalett

mai–14.juni

09.30–17.00

15. juni–15. august

09.30–18.00

16. august–september

09.30–17.00